Kva skjer når ein søt, galaktisk superskurk hamnar i henden på ei jente på Hawaii som kjæledyr? Det er utgongspunktet i Lilo & Stitch, ein festleg Disney-teiknefilm frå dette årtusenet. Filmen framstår framleis som passe moderne og annleis enn mykje anna av spelefilm frå Disney, og lukkast med det. Og så er det noko med ein film sett til Hawaii, enten det er ekte eller teiknefilm. Det er stas.
