Hopp til hovedinnhold
Plakat for Lilo & Stitch (2025)

Lilo & Stitch

Film
3

Lilo er ei ung jente som handterer tapet av foreldra sine på sin måte. Storesøster Nani strevar med å halde på omsorga for Lilo.

Midt i dette kaoset kjem den utanomjordiske skapningen Stitch ned til jorda. Lilo som er på jakt etter ein venn, adopterer han i trua på at han er ein spesiell hund.

Miljøet er eit vakkert Hawaii. Filmen inkluderer mykje Elvis Presley og hawaiisk musikk, noko som gir ei god stemning.

Filmen er ei nyskaping av animasjonsfilmen frå Disney. Det byrjar å bli nokon år sidan eg så han, så ei samanlikning blir vanskeleg. Men denne versjonen av Lilo & Stich står fint på eigne bein. Det er lite eg saknar for ei god filmoppleving.

Han har sjarmerande augneblink, Stitch er ein fargeklatt med i morosam stemme. Tema som familie og samhald er sentralt, utan at det stikk så aller djupt heller. Det er underhadling framfor drama.

Stitch sitt uttrykk er avgjerande også for Jedd Jong på The Movie and Me (jeddjong.wordpress.com). Han meiner den digitale figuren er detaljert nok til å passe inn mellom menneska, utan å miste sjarmen frå animasjonsfilmen. Han rosar òg Maia Kealoha sitt naturlege spel mot denne figuren. Det er ein god måte å forklare kvifor filmen fungerer for meg. Det sære ved Stitch blir noko levande og morosamt i møtet med Lilo.