Det er noko eige med japansk rockemusikk, og det er som oftast ikkje songstemmene. Kven hugsar ikkje The 5.6.7.8's frå Kill Bill med Woo Hoo? Det var ikkje akkurat praktfulle stemmer som gjorde susen der, men heller energien.
Slik blir det med jentebandet i denne japanske musikkfilmen. Det er ikkje topp kvalitet reint teknisk, men eg gir absolutt skryt til framsyninga. Elles var det som eg likte og la mest merke til filmen, den litt sky åtferda og ungdommelege uskyldigheiter når det kjem til det motsette kjønn.