Lion - Filmdagbok

Lion 2016

Ein ung gut forsvinn frå familien i India, og endar opp med å bli adoptert. Dette pregar livet hans, og i vaksen alder blir han oppslukt med å finne tilbake til familien sin. Dette er eit psykologisk drama som på godt vis fangar det å føle at ein ikkje høyrer til verken den eine eller andre staden på filmen. Det er ei sterk oppleving av ein film.