Little Big Man - Filmdagbok

Little Big Man 1970

Ein mann på 121 år fortel livshistoria si i samband med eit intervju om slaget mellom indianarar og soldatar ved Little Big Horn. Dustin Hoffman spelar hovudrolla i livshistoria, med unntak av barndomsåra, om oppveksten hjå indianarar til livet som handelsmann og seinare hans rolle i hæren.

Den raude tråden er forholdet hans til indianarane, og livshistoria blir fortalt på bakgrunn av eit enkelt spørsmål om hans rolle i slaget ved Little Big Horn. Jack Crabb, som karakteren heiter, har eit meir nyansert syn på den langvarige konflikten mellom indianarar og amerikanarar. For med hans ord blir det fortalt om grufulle handlingar utført av, og grufulle haldningar i eige av, begge sider.

Little Big Man tar opp dette alvorlege temaet på ein heilt grei og passe balansert måte. Men det er ikkje heile sanninga. Historikken er uklar, og karikaturane er for tiltredande, til at det kan bli tatt seriøst. Mykje framstår som humoristisk, og mange ting skjer for enkelt til at det blir truverdig. Og det er nettopp krasjet mellom inntrykket av dette som ei tullete røvarhistorie, og den seriøse forteljinga om situasjonen til indianarane, som ikkje nødvendigvis appellerer til meg.

Så som underhaldning utan ettertanke er dette helt kurant. Det er eit slags eventyr gjennom mange kjente historier og sider ved det gamle vesten. Lengda er i overkant av to timar, og er heller ingenting å utsetje på i denne samanhengen. Eit par grufulle handlingar gir filmen en ekstra spiss, så trass i humor, så fungerer også dei alvorlege delene godt innimellom.

Men det finst andre og betre westernkomediar, westerndrama og historiske western kvar for seg, til at det blir nødvendig å ta alt i ein film.