
Little Black Book
Brittany Murphy held Little Black Book oppe for meg. Den sjarmerande stemma hennar og måten ho er på, gjer ein stor skilnad. Utan henne hadde dette nok gått fullstendig i dass.
Stacy (Brittany Murphy) arbeider med eit fjernsynsprogram og byrjar å undersøke fortida til kjærasten. Ho bruker informasjon frå den elektroniske kalenderen hans til å oppsøke tidlegare forhold. Arbeidet blir eit påskot for spørsmål som eigentleg er private.
Filmen er lite nyskapande og inspirerande. Det er derfor personlegdommen framfor kameraet som får mykje av ansvaret for at eg held fram. Brittany Murphy gir meg noko å like sjølv når historia ikkje gjer særleg mykje for meg.
Benn Farrell meiner også at skodespelarane er avgjerande på The official movie blog of Benn Farrell (wheresthehumanity.wordpress.com). Han finn meir intelligens i historia enn eg, men synest konvensjonell komikk trekker ned. Me møtest i rosen av Brittany Murphy, sjølv om me vurderer resten ulikt.
Det blir ein nokså middels film. Eg har glede av hovudrolla, men skulle ønske ho hadde vore del av noko eg likte betre.
