Little Caesar - Filmdagbok

Little Caesar 1931

Ein ambisiøs kriminell spelt av Edward G. Robinson flyttar til byen frå landsbygda. Han blir med i ein gjeng og jobbar seg gradvis oppover på brutalt vis.

Med suksess kjem og større og større farar frå andre ambisiøse, politiet, og til og med hans næraste gjeng.

Little Caesar er ein av dei første skikkelege gangsterfilmane og har ikkje tapt seg trass i høg alder. Det er ein film om organisert kriminalitet, og om farane ved å ønske og få valdeleg makt over andre.

Det er også ein underhaldande film med både action og spenning.