
Little Children
Todd Field er kanskje ikkje det mest gjenkjente namnet omkring. Sjølv hadde eg problem med å plassere fyren før eg såg bilde av han knytt til rolla som Nick Nightingale i Eyes Wide Shut. Men det var altså over sju år sidan. Etter den tid har mannen fokusert mest på å skape film framfor å spele i. I 2001 kom den første langfilmen hans In the Bedroom. Og med Little Children som hans andre langfilm i regissørstolen har han starta å håve inn med prisar og nominasjonar for arbeidet sitt.
Little Children består av to større raude trådar. Ein om eit nytt og veksande vennskap mellom Sarah (Kate Winslet) og Brad (Patrick Wilson), og ein om den nyleg frigjorde og pedofilistraffa Ronnie (Jackie Earle Haley). Desse bur ikkje så langt unna kvarandre, og det blir via lokale knutepunkt at personane har mest å seie for kvarandre.
Kjærleikshistoria og pedofiliproblematikken kjennest som to separate filmar, og det blir nettopp det som plagar meg med filmen. Han har potensiale til å gjere så mykje meir ut av kvar del, men blir i lag litt for grunn. Sjølv med sine dryge to timar og ti minuttar. No seier eg ikkje at dette er ein dårleg film, for han er inne i historiene nok til at eg får ein ide om tankane til personane som er med. Her hjelp dessutan forteljarstemma til.
For noko av det første som fekk meg til å heve augnebryna var at filmen har ein solid forteljarstemme, som ikkje har noko med personane i filmen å gjere, men likevel veit alt. Akkurat som i ei bok blir eg geleida gjennom Little Children på ein måte som det sjeldan blir gjort på storfilm. Litt humor ligg det også i denne stemma, som til tider er på grensa til å vere frekk. Andre plassar sper ho på med store høgtidelege ord til enkle situasjonar.
Men det som gjer mest inntrykk med filmen er historia rundt den pedofile. Han blir hengt ut og hetsa av nærast alle utanom si eiga mor. Litt for lite fokus på denne delen av filmen i grunn. Det som blir vist legg nok litt for mykje vekt på å gi mannen sympati. Naturleg med tanke på at han ikkje kan noko for det han er, men ubehageleg fordi eg så gjerne vil halde mannen så mykje på avstand som mogleg.
Så alt i alt ein grei film, men for lang. Litt for mykje skraping på overflata og ei smått kjedeleg vending. Det som trekk opp er ei fin forteljarstemme, gode rolleprestasjonar, eit aktuelt tema gjennomført på ein akseptabel måte. Sett på det med snille auger kunne eg putta dette i båsen med dei gode filmane. Men eg vel å vere litt streng denne gongen, for det manglar for mykje her til å gjere meg verkeleg involvert. For mange ting blir rett og slett teke for gitt.