
Little Darlings
Ferris og Angel er to femten år gamle jenter som skal på leirskule. Og som alle femten år gamle jenter med respekt for seg sjølv, hamnar dei i konkurranse med kvarandre, om kven som klarer å miste jomfrudomen først.
Little Darlings er ingen uskyldig film, ingen moralpreik, men heller ingen American Pie. Komedie i drama er best skildrande for kva denne filmen er, då hovudvekta her ligg på å fortelje historiene til Ferris og Angel, framfor å få oss til å le. Desse blir framstilt som meir enn to pene ansikt, utan at det blir tydd til ekstraordinære livshistorier.
I all hovudsak står Little Darlings fram som ein film i harmoni med seg sjølv. Han gjer mykje godt, spesielt i å vere ein tenåringsfilm for tenåringar. I det legg eg, at denne ligg ei stykke unna type underhaldning, som mellom anna American Pie, blir for mitt vedkommande.
Jentene sitt perspektiv er også avgjerande for Jason Paul Collum på Jason Paul Collum – Indie Film Dude (jasonpaulcollum.blogspot.com). Han meiner filmen først og fremst er eit drama om å vekse opp, og rosar at han tek uroa bak konkurransen på alvor. Det passar godt med mi eiga oppleving av at personane kjem før vitsane. Filmen finn noko meir i dei to enn eit påskot for komiske situasjonar.
Eg vil også nemne to ting utover handlinga og underhaldninga. Cynthia Nixon, kjend som Miranda (Cynthia Nixon) i Sex and the City, gjer filmdebuten sin i Little Darlings. Dessutan er det Matt Dillon si andre filmrolle, men det blir liksom ikkje det heilt store å nemne.
