Klassisk romantisk komedie. Litt av typen eg kjenner best til frå 1990-talet og tidleg 2000-tal, men ikkje utelukka nærmare 2020 heller. Dette er mine umiddelbare tankar om sjanger og type film som kan skildre Little Italy.
Det er ikkje oppfinnsamheiten i historia som gjer Little Italy fornøyeleg. Det er hyggelege karakterar og ein fin kjemi mellom dei to viktigaste. Det er ein kjent formel om både ulike personlegdomar, men og felles bakgrunn eller verdiar, som er det samlande for filmen. Emma Roberts og Hayden Christensen spelar to unge menneske som vaks opp i lag, gjekk ulike vegar, og no møtes igjen.
Handlinga er lagt til Little Italy i Toronto i Canada, trur eg. I eit stereotypisk prega miljø møter me desse to unge menneska. Og me blir vitne til korleis deira ulikskapar og likskapar blir
Filmen er akkurat passe godt produsert. Det er nivået til ein kinofilm, ikkje ein knallsterk ein, men ein heilt grei ein. Det er kjente og gode skodespelarar. Eit enkelt manus, lett tilgjengeleg underhalding, men ein habil regijobb som gjer at humor og kjensler flyt godt.