
Little Miss Sunshine
Svært så etterlengta ei stund no, etter å ikkje ha fått han med meg på kino, fekk eg endeleg sett Jonathan Dayton og Valerie Faris sin bilturfilm.
Eg hadde eit godt utgangspunkt før eg sette meg ned. Eg hadde høyrt lydsporet tallause gonger og drøymde om ein gong å eige min eigen VW Bus. Steve Carell var også ein av dei mest interessante skodespelarane for tida. Vonene var nærast skyhøge.
Familien Hoover er av den typen som ikkje fungerer så godt i lag, men som likevel fungerer. Når dottera Olive reddar seg ein plass i venleikskonkurransen Little Miss Sunshine fører omstenda til at heile familien må komme seg frå New Mexico til kysten av California i ein knapt funksjonell Volkswagen-bil. Familien har ein bestefar som har byrja med heroin, ein onkel som nettopp har prøvd å ta livet av seg, og ein bror som ikkje snakkar. Faren er oppslukt av sin eigen idé om at det ideelle livet følger ni prinsipp.
Ta familie og biltur og legg det saman, og det heile høyrest eigentleg ikkje så spesielt ut. Men Little Miss Sunshine klarer å skape den gode stemninga som eg alltid er på jakt etter i dramakomediar. Ein måte å vere morosam på i det alvorlege og absurde, og alvorleg i det morosame på. Mykje er takka vere det fargerike karaktergalleriet på, men også situasjonane som oppstår er både lunt humoristiske og innimellom litt triste.
Det velkjende reisemønsteret treng ikkje øydelegge for gleda ved filmen. På They Might Be Critics (theymightbecritics.blogspot.com) blir figurane og ensemblet trekte fram som det som løftar historia over ein vanleg familiekomedie på hjul. Skribenten finn likevel fleire situasjonar konstruerte og omslaget mot slutten for brått. Eg blei meir oppslukt av den lune og rare stemninga. Det er nettopp folka i bilen som gjer den velkjende turen verdt å bli med på.
Musikkbruken er ikkje så stor som eg trudde han skulle bli, men det er bra, for det blir dess betre når det først blir brukt. Eg hadde aldri sett for meg at misseshowet skulle bli så skrudd, likevel om det var ganske så klart at Superfreak (remix) av Rick James høyrte til der. Eit hysterisk morosamt stykke film der altså. Med tanke på at Jonathan Dayton og Valerie Faris har fleire musikkvideoar for blant anna The Smashing Pumpkins, Red Hot Chili Peppers, R.E.M og Travis. Så er det ingen tvil om at dei får bilde til å stå i stil med musikken.
Eg storkoste meg med filmen, og fekk i grunn akkurat det eg hadde forventa meg. På eit par punkt mangla han kanskje litt gnist. Men nydeleg er han heile vegen. Med så mange sider ved filmen som spelar inn på synet mitt, så klarar eg eigentleg ikkje å gi eit objektivt syn på han, men det må vere lov.
