Little Women er blant dei mindre julete filmane eg har sett i år, i mi jakt på julefilmar. Bakgrunnen for denne fråsegna er at filmen går føre seg på tvers av årstider gjennom fleire år, men at filmen både byrjar og streifar innom igjen juletider.
Basert på eit klassisk verk av den amerikanske forfattaren Louisa May Alcott, er Little Women historia om fire søstrer som levde på slutten av 1800-talet. Om deira barndom og inngangen til vaksenlivet. Periode- og familiedrama er ei god skildring på sjangeren.
Little Women har hatt fleire filmatiseringar og seriar før seg. I 1994-versjonen er det flust av kjente kvinner og menn. Stjernene står heller ikkje i vegen for at dei gode karakterane i historia når fram.
Så var det kanskje ikkje filmen med mest julestemning, men når det først er jul her så er det god julestemning. Og resten av filmen er uansett eit flott drama.