- Filmdagbok

Live and Let Die

I Live and Let Die dukka Roger Moore for første gang opp som spionen James Bond. Ei rolle han skulle spele i heile sju filmar.

Variant av James Bond med Roger Moore er noko rundare i kantane enn Sean Connery etter min meining, og ofte litt tam. Det er mogleg det var tidsperioden og filmane som prega karakteren hans, men ingen av filmane med Roger Moore i er blant mine favorittar. For nokon er hans filmar dei typiske James Bond-filmane, og sånn sett har eg nok meir sansen for dei mindre James Bond-aktige av filmane.

Live and Let Die handlar om reisa til James Bond til New Orleans i jakta på kven som har drepe ei rekke britiske agentar. Her møter han mange rare folk, kor Solitaire spelt av Jane Seymour kanskje har den mest sentrale rolla.

Det er ein fungerande og variert film, med spennande miljø og karakterar.

#James Bond