Lockout med Guy Pearce er enkel og kjapp action og science fiction. Før du veit ordet av det er slutt. Deretter har du gløymt korleis filmen enda opp der han enda opp.
Inntrykket eg sat igjen med etter Lockout var midt på treet. Det er greitt tidsfyll. Men der filmen prøver å gå over toppen, så gjenstår det ein del.
Eg har sansen for dei tøffaste og drygaste av dei gode filmane med Jason Statham. Og eg anar at Lockout prøver på noko av det same, men med aldersgrense 13 år i USA så vert det for puslete når det gjeld. Og Lockout vil fort bli gløymt.