
Logan's Run
Logan's Run gjer seg bruk av ein statleg soldat i hovudrolla, ein av dei beste. For oss som har sett Equilibrium, Fahrenheit 451 eller andre filmar med dette utgangspunktet skal det lite hjerneknaking til for å skjønne at han før eller seinare vil stille spørsmål ved jobben sin.
I Logan's Run har me hamna i det 23. hundreåret, alle attlevande menneske bur i store kuplar. For å halde på balansen der er den øvre aldersgrensa på å leve 30 år. Implementerte krystallar i hendene på folk blir brukt for å kontrollere dette. Når folk fyller 30, får dei gå inn i ein karusell. Publikum ser på medan dei gamle blir plasserte i ein sirkel, sakte løfta mot taket av ei spennande kraft og til slutt forsvinn. Prosessen blir kalla ei fornying. Ikkje alle vil bli fornya og mange prøver å rømme.
Logan, den femte i rekka, er Sandman og har i jobb å avlive rømlingar, før han får i oppdrag å infiltrere ei organisert gruppe for å få stopp på dette innanfrå. Det kule med denne filmen er at det er brukt skikkeleg mykje arbeid i å få ting til å sjå futuristisk ut, med kostymer, bygningar og køyretøy. Ettersom filmen er laga på 1970-talet inneber det stor bruk av miniatyrmodellar og enkle kulisser når ting når større skala. Eg er fan av slikt, sjølv om det ikkje ser spesielt ekte ut.
Filmen er derimot skuffande langsam og banal, Michael York reddar delar av det med god skodespelarprestasjon, men eg var glad når han var over.
Det visuelle får også ros av Paul Ashwell på paulashwellreviews (paulashwellreviews.wordpress.com), som finn interessante idear og godt regiarbeid bak ei føreseieleg historie. Han får noko meir underhaldning ut av resultatet enn eg gjer, men meiner heller ikkje at kvalitetane veg opp for alle svakheitene. Der møtest me eit stykke på veg. Framtidsverda er artig å sjå på, men det er ikkje nok til at eg sluttar å kjenne på kor banal og langsam filmen blir.
