
Lola rennt
Dette var ein IMDb topp 250-film når eg såg han. Som var årsaka til at eg valde å sjå han utan å vite for mykje. Og han leverte heilt på topp.
Det er ikkje mange filmar som grip så umiddelbart som Lola rennt. Det er ei intens oppleving. Mykje av årsaka er musikken, men godt hjulpe av eit heftig visuelt preg.
Filmen spelar med ideen om tilfeldigheiter og val, men også om forbindelsar mellom menneske.
Som teknisk film er Lola rennt full av energi. Han er oppfinnsam. Men det som verkeleg held han oppe er kjenslene og ideane han leikar med. Ein film som dreg meg med iallfall.
Martha Lane på The Film Magazine (thefilmagazine.com) skildrar musikken som pulsen i filmen, nesten i takt med føtene til Lola. Ho trekker også fram korleis små, tilsynelatande uviktige augeblikk endrar livet til fleire enn hovudpersonen. Det fangar godt kvifor eg blir så riven med. Det tekniske overskotet gjer ideane om val og tilfeldigheiter til noko eg kjenner medan filmen rasar framover.
