
Lolita
Stanley Kubrick, regissøren til Lolita, var blant dei første filmskaparane eg fatta interesse for då eg starta å utforske klassiske filmar. Variasjon og etter kvart møte på første hand med kvalitet har gjort at eg har helde fram å sjå filmane hans.
Lolita er ei filmatisering av ei bok av Vladimir Nabokov. Det handlar om ei ung jente som forfører ein vaksen mann, og filmen har blitt eit ikon for alderssprikande forhold.
Filmen er så sprø som handlinga han bygger på. Det er både underhaldande og litt provoserande. På ein god måte.
På The Blog Where I Review 1 Movie a Week Until I Die (moviesuntildeath.blogspot.com) får James Mason ros for å gjere hovudpersonen si sjølvbedraging levande. Skribenten finn likevel fleire av dei komiske scenene overflødige og ønsker strammare klipping. Eg opplever ikkje lengda som noko problem, men det er interessant at den sprø humoren kan dra i to retningar. Han gir filmen særpreg, samtidig som han kan ta plass frå det ubehagelege i dramaet.
Det er så bra at to og ein halv time går fort.
