
Lone Survivor
Ei gruppe soldatar drar ut i felten for å fange ein Taliban-leiar. Dei hamnar i brutal kamp mot lokale krigarar i ei skogkledd fjellside, og må slåst for livet.
Dette er Lone Survivor i eit nøtteskal, med litt meir innpakning så klart. Men det er i all enkelheit ein enkel film. Mark Wahlberg er frontfigur. Han og dei andre gjer ikkje stort ut av seg som karakterar. Det beste filmen har gåande for seg er nokon vanvittige kampsekvensar. Resten er middels på sitt beste, men først og fremst anonymt.
Mitt beste og einaste minne når eg skriv dette i ettertid er ei blodig nedstigning, kampscene og fall ned ein fjellskrent. Resten av filmen handlar ikkje om stort anna enn å komme seg til dette punktet, og at det utruleg nok er eit liv etter.
Edwin Davies på A Mighty Fine Blog (amightyfineblog.com) rosar korleis kampane held oversikt over både terrenget og belastninga på soldatane. Han meiner dei stille augneblikka midt i valdskapen gir personane ei menneskeleg side. Eg sit sterkare att med sjølve den fysiske opplevinga enn med folka. Det er nokre vanvittige sekvensar her, men for meg blir dei ståande som hovudgrunnen til å hugse filmen.
Kanskje Lone Survivor er ein grei film for dei som sluker det meste av moderne krigsfilm, men for min del kunne eg ha klart meg utan. Det er det overnemnte minnet som trekk dette opp til eit godkjent nivå for meg.
