Lone Wolf McQuade - Filmdagbok

Lone Wolf McQuade 1983

Chuck Norris spelar J.J. McQuade i denne spenningsfylt filmen der McQuade står føre eit krimsyndikat som smuglar semiautomatiske våpen. Eit syndikat som David Carradine sin karakter styrer.

Helten vår, McQuade, er den sterke, stille typen. Han er ein mann som handlar, og har ikkje tid til å sippe over litt sølt blod. Som ein moderne John Wayne. Musikken her minner meg ein del om den i Sergio Leone sine westernfilmar, dei med Clint Eastwood, og fungerer bra i bakgrunnen. Når eg såg at eit sjukehus i filmen også heitte Eastwood Hospital, så skjønte eg at det var meir enn tilfeldig.

Historia er ikkje ny. Den gode, som kan ta i bruk alle verkemiddel for å jakte ned dei vonde som smuglar våpen, er i sentrum. Me får tonnevis med eksplosjonar og skyting, som i og for seg er underhaldande nok, spesielt når Chuck Norris går rundt som ein gud utan å bli drepen.

Men hovudårsaka til at eg tykte filmen var underhaldande var nok fordi eg i det siste har lest ein del av Chuck Norris facts. Og dette var også den første filmen med Chuck Norris eg har sett.

Viss eg skal sjå filmar i denne kategorien seinare, så er nok sjansen der for at eg ser ein annan Chuck Norris-film.