Hopp til hovedinnhold
Plakat for Lonely Planet (2024)

Lonely Planet

Film
3

I denne historia får me følge to menneske som nærmar seg eit oppgjer med livet sitt. Ei kvinne som er forfattar og har brukt lang tida på boka si. Og ein yngre mann som ikkje klaffar heilt med kjærasten sin, og heller ikkje jobben.

Det er Laura Dern og Liam Hemsworth som er dei sentrale skodespelarane her. Og eg tykker at dei har god kjemi seg i mellom. Mest er det Liam Hemsworth som skal ha æra for dette. Laura Dern blir litt som sminken sin, for overflatisk og me får aldri kome under huda på karakteren hennar.

Og kva er det eigentleg som knyter desse to saman, anna enn at dei begge er litt fortapte i livet? Sjølv blir eg ståande att og lure på kvifor Owen fell for Katherine.

Det heile er mest om to som driv litt rundt og tilfeldigvis støyter på kvarandre utan så mykje meir. Sidehistoriene, som Owens noverande forhold, får òg lite plass. Det er ikkje drama som stikk djupt, så motivasjonen hans for å gå vidare framstår som litt tynn.

Men det visuelle og den rolege stemninga gjer sitt. Marokkanske landskap og rolege dagar er hyggeleg å sjå på. Mykje meir enn det blir det ikkje.

Skodespelet er me mindre samde om enn landskapa. The Ace Black Movie Blog (theaceblackblog.com) rosar Laura Dern, men synest Liam Hemsworth blir eindimensjonal. Der opplevde eg nærast det motsette. Skribenten reagerer òg på gjentakande samtalar og lite utvikla biroller. Sjølv med ulik vurdering av hovudrollene kjem me dermed inn på noko av det same. Filmen gir for lite å gripe tak i under den fine overflata.