
Lonesome Jim
Etter ein lang og hektisk dag var det godt å sette seg ned i sofaen med ein roleg film som Lonesome Jim.
Her får me servert ein film om ein ulykkeleg mann, på randen til depresjon, som møter ei omsorgsfull dame. Eg kunne nærast kjenne stemninga filmen bygger boble i meg. Dette er eit godt val av film for å stresse ned, men kanskje for roleg for dei som ventar meir. Eg derimot, er veldig glad i denne type nedtona og jordnær dramakomedie.
Mark Pfeiffer på Reel Times (reeltimes.blogspot.com) meiner Steve Buscemi finn ein tørr humor i all misnøya og skuffinga rundt Jim. Han rosar kor lett filmen blir fortald trass i den tunge kjenslemessige grunntonen, og finn eit håp om at menneske faktisk vil kvarandre vel. Det er ei god utdjuping av kvifor denne typen film kan vere behageleg. Roa og det jordnære uttrykket gir plass til noko varmt midt i det triste.
