
Looper
Looper er ein science fiction og krim, som blandar tidsreise og gangsterfilm.
Joe spelar ein leigemordar, som har i oppdrag å ta knekken på folk som blir sendt tilbake i tid til han, frå framtida.
Trøbbel oppstår når ein gammal versjon av han blir sendt tilbake for å bli drepe, eller avslutte tidssløyfa som dei seier. Kan han då gjere jobben sin, eller startar ein kamp for å vere i live?
Det finst mange gode filmar om tid. Sjølv om Looper ikkje når toppen, er det ein god film med både stil, gode skodespelarar og ei god historie. Skal eg pirke så er det nok for lite nytt og at filmen er noko lang som trekk ned. Det sagt, så hadde eg ikkje hatt nokon problem med å sjå han igjen. Og er du interessert i tidsreiser på film, så sjå gjerne Looper.
Scott Mendelson rosar òg blandinga av kjende science fiction-idear på Mendelson’s Memos (scottalanmendelson.blogspot.com). Han meiner styrken ligg i persondramaet, sjølv om filmen blir meir avventande etter ei svært engasjerande opning. Det passar med mi eiga kjensle av at han er litt lang. Dei gode personane og stilen gjer likevel at dei rolegare partia ikkje øydelegg lysta til å sjå han igjen.
