Nobelprisvinner William Golding skreiv Lord of the Flies i 1954, ei bok som ikkje umiddelbart, men seinare har blitt svært anerkjent og blant anna har fått status som ei av dei 100 beste engelskspråklege romanane av TIME. Når eg sette meg ned med handlingsreferatet til 1963-filmen fekk eg ei aha-oppleving, dette måtte vere ei bok eg las som yngre. Noko som skulle vise seg å vere feil då eg fekk stadfesta at boka eg las var svensk.
Dei som har sett Lost vil nok trekke på augnebryna når det kjem fram i dagen at Lord of the Flies handlar om ei gruppe unge speidargutar som etter eit flykrasj i havet er på ei aude, tropisk øy utan vaksne til å ta vare på dei. Lite blir det i filmane fortalt om kvifor det var så mange barn på flyet og ingen vaksne forutan piloten. Kven desse barna er avvik smått frå film til film, som med mange andre av detaljane omkring opphaldet. Noko som kan ha med at første filmen kom i 1963 og den andre i 1990 og ideen om rammehistoria sin funksjon kan ha endra seg. Kjerna er for så vidt lik og begge filmane har sine fordeler mot den andre i måtane å formidle historia på.
Overlate til seg sjølv må barna tilpasse seg situasjonen. Unge som dei fleste er blir ikkje alvoret forstått. Dei to eldste trår som forventa inn i leiarposisjonar og prøver å få struktur i tilværet. Etter kvart blir det klart at desse har to vidt ulike syn på kva tida skal brukast til. Konfrontasjon er uunngåeleg, og det er her nokon av filmane sine verste syn oppstår.
Essensen i Lord of the Flies er den rå naturen til det uferdige siviliserte menneske. Det passar seg difor å bruke barn som her ikkje har den fullverdige forståinga av handlingane sine. Lord of the Flies er skremmande god på å få fram denne sida.
Filmen er ikkje så avgrensa i skala som eg får inntrykk av innleiingsvis, men gjer ikkje naturen til den utprega karakteren i filmen, og blir difor strammare rundt personane, får eg inntrykk av. Hadde berre skodespelarane vore betre her ville denne filmen ha komme langt.