Nobelprisvinner William Golding skreiv Lord of the Flies i 1954, ei bok som ikkje umiddelbart, men seinare har blitt svært anerkjent og blant anna har fått status som ei av dei 100 beste engelskspråklege romanane i verda av TIME.
Når eg sette meg ned med handlingsreferatet til filmen fekk eg ei aha-oppleving. Dette måtte vere ei bok eg las som yngre. Noko som skulle vise seg å vere feil då eg fekk stadfesta at boka eg las var svensk, berre med likt utgangspunkt og lik handling. Om eg berre hadde komme på tittelen her.
Dei som har sett Lost vil nok trekke på augnebryna når det kjem fram i dagen at Lord of the Flies handlar om ei gruppe unge speidargutar som etter eit flykrasj hamner på ei aude, tropisk øy utan vaksne til å ta vare på dei. Lite blir det i filmane fortalt om kvifor det var så mange barn på flyet og ingen vaksne forutan piloten.
Overlate til seg sjølv må barna tilpasse seg situasjonen og unge som dei fleste er blir ikkje alvoret forstått. Dei to eldste trår som forventa inn i leiarposisjonar og prøver å få struktur i tilværet, etter kvart blir det klart at desse har to vidt ulike syn på kva tida skal brukast til. Konfrontasjon er uunngåeleg, og det er her nokon av filmane sine verste syn oppstår.
Essensen i Lord of the Flies er den rå naturen til det uferdige og ikkje fullendt siviliserte menneske, det passar seg difor å bruke barn som her ikkje har den fullverdige forståinga av handlingane sine. Filmen har nydeleg fargefoto, gode skodespelarar, og ei evne til å sette øya i perspektiv for å gi inntrykk av storleiken versus små barn, som på meir enn ein måte blir tapt i naturen, der bruken av ordet natur inkluderer overlevingsinstinkt.