Hopp til hovedinnhold
Plakat for Lost and Delirious (2001)

Lost and Delirious

Film
4

Lost and Delirious er ein film om kostskule, lesber og i grunn ikkje så mykje meir.

I rollene har me ei ung Mischa Barton, som seinare spelte ein sentral rolle i The O.C. Og me har Piper Perabo og Jessica Paré.

Mischa Barton spelar den nye jenta på skulen, som hamnar på rom med Piper Perabo og Jessica Paré. Etter kvart oppdagar ho at desse to jentene har eit forhold, som då etter kvart utviklar seg til å bli ustabilt. Og Mischa Barton hamnar midt oppi dramaet.

Lost and Delirious gjer eit sterkt inntrykk og behandlar tema som homofili og psykose på ein enkel og grei måte.

Neil Fulwood på The Agitation of the Mind (misterneil.blogspot.com) meiner Mischa Barton held filmen saman ved å formidle forvirringa og avmakta til jenta som står mellom dei to andre. Han rosar skodespelarane, men synest siste del blir for melodramatisk. Eg fekk eit sterkare samla inntrykk. Poenget om rolla til Mischa Barton passar likevel godt med plasseringa hennar midt i dramaet. Ho må både prøve å forstå forholdet og finne sin eigen plass medan det endrar seg.