Lou - Filmdagbok

Lou 2017

Kortfilmen Lou frå Pixar set søkelyset på mobbing, og lagar ei fin, rørande og fantasifull historie om attletne eigedeler og forholdet mellom ein mobbar og resten av ungane på ein barneskule.

Mesteparten av magien til denne filmen ligg i kombinasjonen av oppfinnsam animasjon og god timing. Det er ikkje alltid så mykje å sei om dei korte animasjonsfilmane til Pixar, men at det er gjennomtenkt verkar å dukke opp igjen. Det er ofte noko litt sårt med, som blir teke opp med humor og håp. Det passar å sei om Lou også.