Standupkomikaren Louis C.K. har tidlegare varma opp for Jerry Seinfeld og har sin eigen serie, Louie, på FX.
Louis C.K.: Shameless er ein HBO-spesial på rundt ein time. Rutinen til Louis C.K. går for det meste ut på å studere daglege situasjonar og fortelja historier som har hendt han. Tilsynelatande.
Stilen hans varierer. Han er sint, oppgitt og lei store deler. Han har ein grov ordbruk og fortel ting som dei er. Er det perverst så blir det fortalt sånn.
Den friske og frekke stilen hans går fordi episodane han fortel om samtidig framstår som realistiske og nesten normale.