
Louis C.K.: Chewed Up
Louis C.K.: Chewed Up er eit standupshow som kom ut i 2008 på Showtime. Sjølv om det er ei god stund ut i karrieren hans, er dette berre hans andre utgjeving som kan bli kalla ei heilaftan utgjeving.
Eg meiner han ikkje har funne forma skikkeleg før seinare, men Louis C.K.: Chewed Up er framleis god underhaldning og blant det sjåverdige som finst innanfor standupkomedie.
Kevin R. Tipple på Kevin’s Corner (kevintipplescorner.blogspot.com) har langt mindre glede av showet. Han meiner dei grove orda får for stor plass, og at kvardagsobservasjonane er gjorde betre av andre komikarar. Eg er meir underhalden, sjølv om dette heller ikkje er høgdepunktet for meg. Det personlege utgangspunktet gir vitsane noko å stå på, også før forma blir så presis som eg synest ho er i dei seinare showa.
Louis C.K. streifar tema som alderdom, skilsmisse og andre negative, men normale delar av livet til eit menneske, og knyt det stort sett til eigne erfaringar der han bruker seg sjølv som komisk subjekt.
