
Louis C.K.: Shameless
Standupkomikaren Louis C.K. har tidlegare varma opp for Jerry Seinfeld og har sin eigen serie, Louie, på FX.
Louis C.K.: Shameless er ein HBO-spesial på rundt ein time. Rutinen til Louis C.K. går for det meste ut på å studere daglege situasjonar og fortelja historier som har hendt han. Tilsynelatande.
Stilen hans varierer. Han er sint, oppgitt og lei store delar. Han har ein grov ordbruk og fortel ting som dei er. Er det perverst så blir det fortalt sånn.
Den friske og frekke stilen hans går fordi episodane han fortel om samtidig framstår som realistiske og nesten normale.
Raffi Shamir på Inside Pulse (insidepulse.com) meiner det grove språket fungerer fordi Louis C.K. brukar det som ein naturleg del av måten han snakkar på. Showet blir betre når han går frå korte vitsar til å undersøke eit emne nærare. Det passar med kvifor desse historiene fungerer for meg. Det drøye blir ikkje berre eit middel til å provosere når situasjonane samstundes verkar så kvardagslege.
