Love & Mercy handlar om The Beach Boys-musikaren Brian Wilson og delene av hans liv som medisinert og med verge. Og om hans yngre liv og vegen mot å bli mentalt ustabil, samt korleis noko av musikken til The Beach Boys blei til godt ut i deira karriere.
Likevel om Love & Mercy tar for seg eit dystert liv, går han inn i ei historie som er i ferd med å gjere ei vending mot det betre. Ei ny kvinne blir introdusert i livet til Wilson, og ho blir starten på å få han opp igjen frå den medisinerte avgrunnen og korleis hans liv blei kontrollert av ein terapeut.
Det vanskelege med filmar som Love & Mercy, er å tenke seg til kor mykje av filmen som er sann, kva som er løgner og kor mykje han eventuelt overdriv. Eg prøver å ikkje la tanken om at filmar er basert på ei sann historie prege opplevinga, men med kjente personar er det vanskeleg. Difor dukkar tanken stadig tanken opp om motivet til filmskaparen i fremjinga av personane.
Dette hindrar meg noko i å leve meg inn i filmen. Ein annan ting som held meg tilbake er oppbygginga. Eg skulle gjerne likt å sjå ei kronologisk formidla handling. Hoppinga fram og tilbake i tid frå notida på 1980-talet og fortida på 1960-talet tar noko av intensiteten bort.