Hopp til hovedinnhold
Plakat for Love and Monsters (2020)

Love and Monsters

Film
4

Filmen lokka med eit interessant innsal. Tittelen er enkel og uoriginal, men filmen byr på meir. Det er ei samling av forløp som eg har sett tilsvarande før, og humoren minnar meg om den i filmar frå 15–20 år sidan. Men kva utfallet og refleksjonen rundt det som skjer er, gir filmen eit godt preg. Det i lag med godt skodespel og gode karakterar, gjer at eg endar opp med å like Love and Monsters godt.

Sjarmen blir òg trekt fram av Matt Conway på BRWC (battleroyalewithcheese.com). Han rosar den leikne tonen og Dylan O’Brien, men meiner handlinga og karakterane ofte er velkjende. Eg kjenner att begge delar, sjølv om eg får meir ut av refleksjonen i historia enn han gjer. Det er kombinasjonen av varme, humor og menneske eg likar som løftar filmen for meg.