
Love Happy
Det er kjekt å sjå ein Marx Brothers-film i blant. Både fordi karakterane går igjen og er gjenkjennelege, og fordi det byr på flott fysisk humor.
Love Happy er også artig. Filmen har sine variantar av kjente Marx-kunster, og sper på med andre gode song- og dansenummer.
Heilskapleg sett er ikkje filmen der han burde vere. Historia er grei nok, men tar ikkje av. Etter kvar går også humorbiten litt på tomgang.
William Schoell på Great Old Movies (greatoldmovies.blogspot.com) finn også nokre gode påfunn rundt Harpo Marx, men meiner filmen stort sett sløsar bort talentet til brørne. Han har dessutan langt mindre glede av songane enn eg har. Det er nokre velkjende kunster som held meg i godt humør, men dei blir ikkje heilt til ein heilskap med nok energi. Difor er dette først og fremst noko å ta fram når dei betre filmane allereie er sette.
Det er likevel ein heilt grei film. Eg vil anbefale å gå for dei meir kjente Marx Brothers-filmane først, før du ser denne.
