
Love Is Strange
John Lithgow og Alfred Molina er stjernene som spelar ektemenn i den flotte filmen Love Is Strange.
På grunn av omstende eg ikkje skal forklare her endar dei mellombels opp med å bu frå kvarandre. Ein stor prøvelse og ei belastning etter nesten 40 år i lag. Filmen observerer dette halvveges på avstand, og følger også folka rundt dei.
Det er i grunn heile greia med Love Is Strange, at han ikkje går så djupt. Det vil i grunn sei at han tar for seg problem og legg opp til ettertanke, men det har ikkje den største effekten. Noko eg merker i forsøket til filmen på ei fin avslutting.
Den forsiktige forma verkar sterkare på Stu på The Last Picture Blog (thelastpictureblog.wordpress.com). Han meiner blikka mellom John Lithgow og Alfred Molina formidlar like mykje som replikkane, og opplever forholdet deira som varmt og heilt truverdig. Me er samde om skodespelarane, men ikkje om kor mykje filmen får ut av dei. Eg ser den lågmælte nærleiken han rosar, utan at ho gir meg den sterke kjensla av fordjuping som eg saknar.
På daglegdags vis er dette eit kurant avbrekk av ein film frå norma, utan å bli for spesiell. Men for å skilje seg ut som ekstra god på nokon punkt må det meir kraft til. Sterkare grep på eit vis.
