Love Me Tender - Filmdagbok

Love Me Tender 1956

Love Me Tender sin plass i filmhistoria er verken som ein fantastisk god western, eller som ein film med Richard Egan og Debra Paget. Filmen var debuten til Elvis Presley på det store lerretet, og hans einaste film der han ikkje var første namn på plakaten. Nettopp dette var grunn til at eg så filmen, som er min første heile film med Elvis Presleys eg har sett.

I tillegg til at den legendariske musikaren framfører fire songar, er Love Me Tender ein film om den amerikanske borgarkrigen, ran av ein pengetransport og to brør sin kjærleik for den same dama.

Det er ei passe dramatisk historie med nok framdrift til å holde nesten heile vegen ut. Mot slutten mista eg litt av interessa, ettersom det vart insistert på å spele så mykje på dårleg kommunikasjon fram og tilbake. Nok til å skape forviklingar for ein sesong med tv-såpe.

Utover det har også filmen ein god porsjon med romantikk og kampen til minst to mot å ikkje la lysta ta over. I tidsrett ånd med lange blikk, skulderristing og hovud slengt bakover.

Eg vil sei at Love Me Tender er ein grei western, om du ser bort frå litt dødtid. Romantikken over er ikkje så verst i grunn, og utgjer i lag med ranet ein sentral del av historia.

Som bonus har Elvis Presleys eit par komiske innslag, der han overspelar det minste. Og når det først handlar om å sjå filmen på grunn av debuten hans, så er det greit.