Hopp til hovedinnhold
Plakat for Luca (2021)

Luca

Film
3

I animasjonsfilmen Luca blir me kjent med sjømannen Luca, som får menneskeform i det han går opp av vatnet. Dette er ei evne som ingen har fotalt han om før.

Ung og eventyrlysten som han er, er opninga av ei heil ny oversjøisk verd for han noko han blir trekt mot. Og nye venner følger med.

Luca har fin animasjon, nokre fine stunder, eit romantisk blikk på den italienske lokasjonen og artige karakterar. Han treff godt og engasjerer stort sett heile vegen, men manglar det vesle ekstra for å utmerke seg. Forventingane til noko meir ut av historia spelar inn, Pixar har lagt lista høgt med tidlegare filmar. Luca som karakter er nesten litt kjedeleg, og det kunne ha vore litt kortare mellom latterkulene.

Det same skiljet mellom idé og historie dukkar opp på The Film Blog (thefilm.blog). T. S. meiner manuset er søtt, men mindre særprega enn utgangspunktet kunne ha vore, medan animasjonen og den italienske sommarkjensla får mykje ros. Det er nær det eg sjølv sit igjen med. Verda er lett å like og fin å vere i, sjølv om forteljinga ikkje fullt ut svarar til det ho gir håp om.

Men trass i kritikken, så er dette fornøyeleg sjåing. Og ein film som har den fordelen av å stå på eigne bein. Her er dagsaktuelle populærkulturelle referansar fråverande, og historia er passe tidlaus. Det er godt.