Hopp til hovedinnhold
Plakat for Luck (2022)

Luck

Film
3

Luck har ein kul katt. Eg skulle ønske eg kunne bli like oppteken av hovudpersonen. Filmen er festleg nok, men manglar noko som gjer at eg vil hugse han særleg lenge.

Sam (Eva Noblezada) er uvanleg uheldig. Eit møte med den svarte katten Bob (Simon Pegg) fører henne til ei verd der flaks og uflaks blir laga for folk på jorda. Der prøver ho å skaffe litt medgang til nokon ho bryr seg om.

Eg trur kontakten med hovudpersonen ofte er det som skil ein gjennomsnittleg animasjonsfilm frå ein god ein. Det held ikkje at verda har mange idear, dersom eg ikkje kjenner noko særleg for den som skal gjennom henne.

Christy Lemire er langt meir negativ på RogerEbert.com (rogerebert.com), men peikar på noko av det same. Me lærer for lite om kva som går føre seg inni hovudet på Sam. Ho blir først og fremst ein person ting skjer med.

Eg har meir glede av filmen enn kritikaren har. Katten hjelper godt til, men han kan ikkje åleine gi historia det særpreget eg saknar.