Lucky Number Slevin - Filmdagbok

Lucky Number Slevin 2006

Eg kan ikkje skrive om denne filmen utan å nemna Snatch. Sjølv er eg ingen god filmkjennar på det profesjonelle planet, men eg ser likskapen i redigeringa, og deler av oppbygginga. Måten å fortelja ei historie på, bruken av namn som The Rabbi, The Boss og Goodkat.

Men det blir ikkje ei mølje med referansar til Guy Ritchie, iallfall kjennest det ikkje slik. Det er ein artig og vellaga krimthriller, gjerne litt føreseieleg, men absolutt verdt sine minuttar. Det blir ingen romantisk kliss med Lucy Liu, ingen umenneskeleg actionhelt ut av Bruce Willis. Rett og slett ein godt balansert film.