
Lucy
Lucy er ein kjapp actionfilm i kjent Luc Besson-stil. I det legg eg at det er ei ukomplisert handling, men som har dei rette elementa for å fatte interesse for det fortalte konseptet og for å henge med på den raske framdrifta.
Scarlett Johansson spelar ei kvinne som blir lurt til å smugle noko medisinske eller narkotiske stoff. Omstenda skal ha det til at ho endar opp med å få dette stoffet i kroppen, som gjer at ho utviklar seg til ein lynande intelligent og vanvittig rå krigar.
Ettersom mange vil ha tak i ho, og ho vil ha svar på ting, så er det mykje action og fram og tilbake. Og det er tøft. Utviklinga til filmen er også ganske dryg på ein god måte. Og sånn sett overraska Lucy meg ved å bli langt meir science fiction enn eg trudde at filmen skulle vere etter innleiinga.
Det er særleg den visuelle fantasien Apurv Nagpal set pris på i omtalen på Apurv’s Musings (apurvbollywood.blogspot.com). Han likar korleis Luc Besson blandar action med store sprang i tid og bilete, sjølv om slutten ikkje overtyder like mykje. For meg er nettopp viljen til å dra konseptet stadig lenger ein del av moroa. Eg kom for ein kjapp actionfilm og fekk eit langt villare science fiction-eventyr med på kjøpet.
