Magic Beyond Words: The J.K. Rowling Story - Filmdagbok

Magic Beyond Words: The J.K. Rowling Story 2011

I ettertid les eg at denne Lifetime-filmen har hausta kritikk for å vere ukorrekt på mange område. Filmen er flust av detaljar som er feil, og som lett kunne ha vore retta opp i om skikkeleg forarbeid var gjort. Men for ein som ikkje bryr seg nemneverdig at fiksjonsfilm ikkje bryr seg med sånne fakta, så spelar det inga rolle, og filmen blir god.

Tittelen seier alt. Dette er ein slags biografisk film om forfattaren bak Harry Potter-historiene og Wizarding World-universet, som vektlegg kor ho henta inspirasjonen til bokserien frå, og korleis livssituasjonen hennar var på ulike tidspunkt. Utfallet er ei inspirerande historie som viser ei kvinne som gjer sitt beste ut av å bruke hovudet sitt, og trassar dei vanskelege stundene i livet ho møter. Deriblant at ho strevar som åleinemor og lev på dagpengar ein periode.

Livet ditt blir til det du gjer ut av det sjølv. Og så lenge ingen grip inn og tar noko frå deg, så er det opp til deg sjølv å skape noko. Om enn innpakka i ein forhasta film som på fint er enklare enn ein kinofilm, så skin historia og dette poenget gjennom. Det dramatiske fungerer stort sett godt, bortsett frå når det skjer overdrivingar. Dette forventar eg av ein tv-film.