Magical Christmas Ornaments er ein amerikansk Hallmark-film med 90210-stjerna Jessica Lowndes i hovudrolla. Ho spelar mot Brendan Penny, som har vore med i mange ulike seriar dei siste 15 åra.
Filmen har ei tynn historie som plukkar kjente og godt brukte element frå julefilmsjangeren, for dei som har sett julefilmar laga for blant anna Netflix, Hallmark og video dei siste åra. Magisk julepynt står i sentrum her, og er det som set i gong hovudkarakteren Marie (Jessica Lowndes) si ferd frå å mislike jul til å få julegleda tilbake.
Magical Christmas Ornaments er ein romantisk film som verken evnar å setje i gong for store emosjonar hjå sjåaren, skape den mest interessante historia eller skape noko særleg magi. Men sjølv om eg etterlyser meir, betyr det ikkje at filmen er fråverande av alt. Det er ein gladfilm med god stemning og ein fin bodskap om kjærleik og glede, uansett kor overflatisk han er. Og eg kjedar meg ikkje.