For ikkje mange dagane sidan gjekk det opp for meg at det fanst meir enn ein Dirty Harry-film. For dei fleste andre med litt filmkunnskapar så er ikkje dette noko nytt, men så er det altså i mitt tilfelle.
Med utgangspunkt i å allereie ha sett Dirty Harry sette eg meg i går kveld ned med oppfølgjaren Magnum Force. Eit drapspoliti er på ferde og avrettar dei kriminelle i byen på eiga hand. Harry blir kalla inn igjen i mordkommisjonen for å få has på gjerningsmannen, som dei i utgangspunktet ikkje veit er ein politimann. Her er fordelen med å vere publikum for oss.
Avtrekkarglad politifilm frå 1970-talet er utan tvil festleg. Med stake outs, biljakter og shoot outs nærare bakkenivå enn mykje som blir servert no til dags frå over dammen, blir det god spenning. Om originaliteten er litt mindre så gjer ikkje det noko, for poenget her er vel helst å få ein god actionfilm.