Maleficent: Mistress of Evil - Filmdagbok

Maleficent: Mistress of Evil 2019

Maleficent: Mistress of Evil er oppfølgjaren til Maleficent frå 2014. Fem år har altså gått mellom dei to filmane, og nokolunde det same har gått i eventyrverda til filmane også.

Filmen starta litt brått med at prins Philip frir til Aurora, altså Tornerose, og ho seier ja. Det er ein ny fyr som spelar Philip, og dette i lag med at han var ein håplaus fyr i den førre filmen gjer at det blir litt for fjernt for meg kvifor ho så fort seier ja. Men så skal det visst ha gått fem år sidan dei blei kjent, og kanskje han ikkje var så håplaus? Trass i fjernt, så kunne eg relativt fort akseptere dette vegvalet med tanke på at de var nødvendig for å danne grunnlaget til resten av filmen.

Når det gjeld resten av filmen, så er dette ei litt kaotisk sirkus som Joachim Rønning står i spissen for. Ein norsk regissør som etter kvart har nokre år i Hollywood bak seg, men få krediteringar. Viss eg skal forsøke å oppsummere handlingsforløpet her, så er det at det kommande bryllaupet mellom Philip og Aurora legg til rette for at dronningmora til Philip kan framprovosere krig mellom menneske og overnaturlege skapningar.

Filmen har eit passe oversiktleg handlingsforløp. Det er lett å få tak på det som skjer, men eg lar meg ikkje trollbinde nokon måte av det som skjer her. For å få fram den store styrken til filmen, er eg nøydd til å avsløre litt av handlinga utover i filmen. For den store styrken til filmen er måten opptakta til krigen er. Sjølv bak dei visuelle effektane som er både fargerike og overdådige, så er kjerna i handlinga til dronningmora ganske grusam. Det er eksperimentering og utrydding det er snakk om.

Ein ting som trekk ned filmen er at han har det med å skulle brette ut i det vide og breie om kvifor ting skjer. Fleire gonger når dronningmora opnar munnen, lirer ho av seg historiar som skal forklare oss kva motivasjonen hennar til dei grusame hendingane er. Eg skulle gjerne ha sett at ein knapt fekk nokon små hint. Ho enda opp med å bli irriterande for meg, og eg kjeda meg umiddelbart når ho skulle snakke meir seinare i filmen.

Det største problemet med Maleficent: Mistress of Evil er at han verkar som ein film som i størst grad er motivert av suksessen til forgjengaren. Mens Maleficent også var ein storslått produksjon med mykje av det same, så spelte han i stor grad på ei god historie og sine variantar av denne. Maleficent: Mistress of Evil har det same gode grunnlaget å fare med, og det verkar litt som at han forsøker for hardt. Eit klassisk oppfølgjartrekk er å gjere meir av alt og større, og det gjer denne filmen altfor tydeleg, og det bidrar ikkje stort.

Det som eg kan sei på tampen var, at trass i nokre svakheiter så er dette kurant underholdning.