
Mallrats
Film
4
Tidleg film frå Kevin Smith med støtte av fleire kjente ansikt i View Askew-gjengen som Jason Lee, Ethan Suplee, Joey Lauren Adams og Ben Affleck.
Mykje teikneseriesnakk og dameskråling, og det fungerer greit nok. Ikkje den aller beste komedien frå denne kanten, men god samanlikna med mange andre amerikanske komediar.
Dei lause samtalane og figurane er også det Christopher Lloyd på Captain Critic (captaincritic.blogspot.com) finn mest å like ved filmen. Han rosar dei kjappe replikkane og den bitre humoren til Brodie, men meiner Kevin Smith ikkje får samle det til ei god nok historie. Eg er litt meir nøgd. Dette er ikkje komedien der alt sit, men praten og dei kjende ansikta gir meg nok til at det fungerer greitt.
