Hopp til hovedinnhold
Plakat for Mama (1976)

Mama

Film
4

Den ihelklippa versjonen av Ma-ma, dubba til engelsk, er eit gullkanta eksemplar av alt som er korrekt ved filmskaping. Einskilde vil nok påstå dette er ein god film fordi dei rett og slett ikkje veit betre etter å ha sett han tusen, eller iallfall 19 gonger på NRK rundt juletider. Men tradisjon er årsaka til at denne festlege rockemusikalen blir meir enn berre festleg. På NRK er filmen elles kjent som Med Grimm og Gru.

No skal det seiast at Ma-ma var laga for å bli dubba, og at det er feil å kalle den ihelklippa versjonen mindre original enn den rumenske med russisk tale. Då ser eg heilt bort frå den franske versjonen. Den engelskspråklege skal ha mindre tale og meir synging, medan den russiskspråklege har meir taleprega synging og eit par ekstra scener. Desse har blitt borte i omklippinga, noko som har ført til nokre små logiske brestar. Det får no så vere.

Frå fakta til filmen, som med sine brå overgangar byr på nok av både ufrivillig og skikkeleg humor. Dagen etter visning har den klassiske Mom is home gått på repeat i skallen heile dagen, så songane er det ingenting feil med. Ma-ma på i tillegg på isdans av ypparste sort. Men tilbake til klippearbeide, som ved sidan av fantastisk skodespel gir filmen ein sjarm, så varm, så varm. Det er vanskeleg å tenke seg til at eit meir forseggjort redigeringsarbeid ville ha fått til det same resultatet. At versjonen som blei vist på kinoen er snitta ut til 4:3 frå 2.35:1 byr ikkje på mindre enn eit konstant tap på informasjon.

Midt i lurvelevenet av teknisk galskap skin Ma-ma likevel fram som ein hurrafestleg rockemusikal, eventyrkomedie eller eit filmkarneval. Engelskmannen må nok få skulda for å ha hatt ei flaske vodka i handa under finpussen. Eller la oss berre seie pussen. Det er ingenting å utsette på filmen for ein som ser han første gang heller.

Songane og den teatralske framføringa er også hovudgrunnen til begeistringa hjå Pål Frostad på Filmkikk (filmkikk.no). Han meiner kombinasjonen av musikk, dans og tydelege figurar gir eventyret ein eigen sjarm. Det er lett å kjenne igjen, sjølv om eg er meir oppteken av dei tekniske raritetane. Det avgjerande er at alt dette rare ikkje stenger ute gleda, men blir ein del av det festlege filmkarnevalet.