
Man cheng jin dai huang jin jia
Regissør Yimou Zhang har levert gode filmar før, men rykta om at dette var meir vakkert enn spennande fekk meg litt ned på jorda igjen med forventningar.
Handlinga er sett til keisarpalasset under Tang-dynastiet. Keisarinna er sjuk og ein blomefestival nærmar seg. Keisaren og sønene hans av ulike mødre skal samlast til feiringa, og dei ulike familiemedlemmene har ulike planar om å ta livet av kvarandre.
Første timen skjer det ikkje så mykje spennande, fargebruken er fantastisk fin, alt ser skikkeleg bra ut. Dei kalde forholda i familien blir halde på profesjonelt nivå, noko som går ut over intensiteten eg får gjennom skjermen.
Så startar ting derimot å skje, og den siste timen gjer at eg gløymer den første timen. Her får skodespelarane endeleg vise seg fram, Yun-Fat Chow glitrar til som keisaren, og intrigane blir meir enn blodige nok.
Skribenten på Japan Cinema (japancinema.wordpress.com) meiner òg at det lønner seg å halde ut gjennom dei mange intrigane. Når løyndomane kjem fram, blir siste del særleg medrivande i den lesinga. Det liknar opplevinga mi av at filmen først får verkeleg kraft etter kvart. Dei overdådige omgivnadene kan halde blikket opptatt ei stund, men det er når familiedramaet får konsekvensar at eg endeleg blir engasjert.
Forvent eit langsamt drama framfor en kampsportfilm, og du blir ikkje skuffa over den siste filmen til Yimou Zhang, som også er den dyraste kinesiske filmen laga hittil.
På engelsk heiter filmen Curse of the Golden Flower.
