Hopp til hovedinnhold
Plakat for Man Up (2015)

Man Up

Film
3

Man Up er ein romantisk komedie om ei dame og ein mann som møtest på ein stemnemøte som totalt ukjente, og der det ikkje eingong var dei to som skulle møtast.

Det er ei gjenkjenneleg oppbygging, så filmen byr ikkje på dei største overraskingane. Likevel er det ein hyggeleg og morosam film. Lake Bell og Simon Pegg strålar i gode rollar. Og det heile er jordnært nok til at eg kan tru litt på det.

Liam Heffernan på La La Film (lalafilmltd.wordpress.com) trekker fram at misforståinga blir avslørt tidlegare enn venta, slik at forholdet kan utvikle seg vidare på andre premiss. Han meiner filmen forstår dei emosjonelle mekanismane i eit forhold. Eg synest framleis oppbygginga er velkjend, men dette er ein god måte å sette ord på kvifor historia kjennest jordnær.