- Filmdagbok

Man Up

Man Up er ein romantisk komedie om ei dame og ein mann som møtest på ein stemnemøte som totalt ukjente, og der det ikkje eingong var dei to som skulle møtast.

Det er ei gjenkjenneleg oppbygging, så filmen byr ikkje på dei største overraskingane. Likevel er det ein hyggeleg og morosam film. Lake Bell og Simon Pegg strålar i gode rollar. Og det heile er jordnært nok til at eg kan tru litt på det.