Chelovek s kino-apparatom, eller Man With a Movie Camera, er eit eksperiment gjort av Dziga Vertov, den leiande figuren for sovjetisk filmavantgarde. Det gjekk ut på å lage ein stumfilm som ikkje trengte mellomtekstar for å drive handlinga. I samtida var det eit mislykka forsøk, eller heller misforstått, han slo iallfall ikkje gjennom. I ettertid har filmen blitt ein av dei mest kjente frå sin periode.
Dziga Vertov var den første til å bruke montasjen i ein teoretisk samanheng. Chelovek s kino-apparatom er eit testament på dette og mange av dei andre uttrykksformene han og medarbeidarane hans eksperimenterte i. Deriblant broren Mikhail Kaufman og den blivande hustrua Elizaveta Svilova, som begge var med på å lage denne filmen.
Chelovek s kino-apparatom er eit imponerande skode. Det er ikkje alltid like lett å fatte samanhengen, for inntrykka er så mange og så blanda. Meininga er at dette skal vere ei skildring av dagen til ein kameramann og opplevingane hans. Det strekk seg innimellom eit stykke lengre, som til andre sider ved prosessen bak det å lage ein film. Byen han er i er sett saman av bilde frå mange ulike byar i Sovjetunionen.
Versjonen eg såg hadde et lydspor av The (Vertov) Cinematic Orchestra og stammar frå 2003, og var ei blanding av electronica og jazz. Veldig stemningsfullt vil eg sei. Orkesteret reiste i ein periode rundt om i verda og spelte på filmfestivalar. Sikkert nok ei god oppleving.
Imponerande på så mange område, Chelovek s kino-apparatom manglar skikkeleg driv, interessa tapte seg difor etter ei stund, og 70 minuttar var ikkje eit minutt for kort.