Man with the Screaming Brain - Filmdagbok

Man with the Screaming Brain 2005

William Cole (Bruce Campbell) er på forretningsreise med kona (Antoinette Byron) i Bulgaria, der han støyter borti ei galen kvinne som drep han og den innleidde taxisjåføren Yegor (Vladimir Kolev). Kroppane blir samla opp og hjernane spleisa av Dr. Ivan Ivanovich Ivanov (Stacy Keach) og den trufaste hjelparen hans Pavel (Ted Raimi). Resultatet er kroppen til William Cole med to personlegdommar.

Denne science fiction-produserte tv-filmen er den første eigenproduserte filmen til Bruce Campbell med han sjølv i hovudrolle. Tidlegare har han laga eit par enkle dokumentarar og nokon episodar til seriar, men ikkje noko meir.

Filmen brukar ei stund på å komme i gang, og ting tar aldri av før etter operasjonen. Då blir det plutseleg meir fart på sakene. For dei som kjenner til Ted Raimi frå før kan det jo hende ting er morosamt før dette og. Sjølv har eg aldri kjent denne personen på ansiktet. Å sjå Bruce Campbell slåst mot seg sjølv som William Cole mot Yegor er som å sjå Ash i Evil Dead II slåst mot handa si, berre i større målestokk.

Historia i filmen er altså ein B-film verdig, eller tv-film, alt etter korleis du definerer det. Om filmen lev opp til forventingane eg bygde meg opp rundt tittelen må eg sei nei til, men det var likevel artig underhaldning.