Mitt første møte med indisk film var denne historiske attforteljinga av opprøret i India på slutten av 1800-talet, leia av helten Mangal Pandey. Det er ein rimeleg kort film samanlikna med det eg hadde forventa meg av ein indisk film, og ikkje fullt så mykje dansing og musikk. Ikkje det at det ikkje var dansing og musikk, for det var fleire innslag av det her og. Men eg hadde kanskje forventa meg litt meir av det.
Det var ein fin film, verkeleg engasjerande på ein lett måte, eg likar generelt ikkje krigsfilmar, men denne hasta aldri av garde, og pressa heller ikkje så mykje på med slagscener. Det er dessutan blanda inn ei fin historie om vennskap her, og fleire andre ting får også god plass i filmen.
Det blir vanskeleg å vurdere denne sidan det som sagt er min første Bollywood-film, viss eg kan kalle dette ein Bollywood-film. Eg er litt usikker på om det er nokon spesielle ting som skal til for å kalle det det. Hollywood-film på folkemunne blir jo ikkje alltid laga i Hollywood så, korleis det er omkring Bollywood er ikkje godt å sei.
Det einaste eg kan konkludere med er vel at filmen opna auga mine for at det ikkje nødvendigvis berre er kjærleik og dans i indisk film. Dette visste eg vel innerst inne, men det er godt å ha fått stadfesta det. Tenker likevel eg må sjå ein film i den retninga snart og.